|
Stabilitet og
endring i yrkesverdiar blant ungdom Artikkelen presenterer utvikling i yrkesverdiar hos eit utval på vel 500 ungdommar frå 17-årsalderen fram til dei var vel 30 år og etablerte i arbeidslivet. Resultata viser både stabilitet og endringar i verdipreferansane. Arbeid i samsvar med evner og interesser var det viktigaste på begge tidspunkta. Høg inntekt og prestisje blei mindre viktig når dei sto overfor det aktuelle yrkesvalet, medan dei sosiale relasjonane knytte til arbeidet blei tillagde større vekt. Forskjellane mellom kjønna med omsyn til verdipreferansar blir haldne ved like og blir til dels forsterka.
|
|||||